Lodgen
Velkommen til Lodgen i Stryn – den perfekte base for alle typar utandørs aktivitetar i Nordfjord gjennom alle dei spektakulære årstidene! 

I Lodgen har vi eit motto som heiter «Yt, Flyt, Nyt og Skryt». Med det meinar vi at ein god dag startar med karakterbygging gjennom å Yte. Så flyttar vi fokuset frå pulsklokker og høge skuldrar til endorfinjakt som fører til den gode Flyten og lykkefølelsen ein får av å vere i aktivitet saman med andre. Lodgen står i stil med den råe naturen som omgir oss, og her kan vi kome tilbake for å Nyte og ikkje minst Skryte av kvarandre og oss sjølve! ;-) 

«Afterski» puben er open kl 14.00 - 20.00. Da vil det være opent i pub og hage for både gjester og andre i lokalmiljøet. Etter kl 20.00 vil det vere roligare i bakgården med tid til matlaging i det flotte utekjøkkenet og hyggeleg samver kun for Lodgens gjester. Frå kl 23.00 er det stilletid i hagen slik at alle er klare for meir aktivitet dagen etter. Vi er opptatt av å ta vare på bygningane og naturen rundt oss og håper alle hjelper til å rydde, tar vare på gamle ting og kildesorterer søppelet. 

Lodgen ligg midt i Stryn sentrum, inst i Nordfjord. Det naturskjønne området er eit unikt utgangspunkt for alle typer aktiviteter året rundt. Du finn oss midt i Stryn sentrum, rett bak hovudgata ved Per Bolstad Plass.