TELEFON 
909 69 681
             
Ein heilårsarena for opplevingar i Stryn!
OM SVEIN
Stryningen Svein Ørjasæter var busatt i Oslo då han kom over Sundehuset i Perhusvegen 27, som låg for sal i heimbygda. I august 2019 kjøpte han eigedomen i Stryn sentrum og tok med familien heim til Stryn.

Ørjasæter har stifta selskapet Stryn Aktivitetslodge AS, som skal stå for drifta knytta til overnatting og aktivitetar/guiding.  

Svein Ørjasæter har gjennom si historie frå eigen friluftsskule i Oslo, lang erfaring og ein unik kompetanse i å gi turistar og fastbuande turopplevingar kvar dag heile året.

"Eg er rett og slett opplært til å tenkje allsidig, og det har vore livet mitt å følgje årstidene og kose meg i naturen", fortel Ørjasæter.

"Og hugs, det finst ikkje dårleg ver!", seier Svein med eit glimt i auge.